Søknadsfrist for tildeling i 2011 er fredag 3. juni.
:: post@bergen-klatreklubb.no
| ::
Kriteria :: |
| 1. Den som søkjer må ha vore medlem av BKK det året det vert søkt for og i året før. Ein må og ha tilknyting til klatremiljøet i Bergen og ha vore busett i eller nærleiken av Bergen. |
| 2. Søknaden skal innehalde (1) namn, adresse, alder, oppnådde sporslege erfaringar eller erfaringar frå tidlegare relevante klatreturar. (2) Ei kort skildring av prosjektet (3) Ei grunngjeving for søknaden der ein viser til kriteria for tildeling, samt (4) ein finansieringsplan for prosjektet det vert søkt støtte til. For søknader om deltaking i konkurransar skal søknaden også innehalde (5) ei skildring av kva for korte og langsiktige mål prosjektet vil inngå i. |
| 3. Søkjarar som ikkje er blitt tildelt midlar tidlegare kan bli prioritert. |
| 4.Den som får støtte må sende kvitteringar for støttebeløpet til økonomiansvarleg i styret innan årets utgang. Dersom dette ikkje gjerast vil stipendet bli gjort om som løn og skattast for.
|
| 5.Den som får støtte skal etter avtale med styret stille seg disponibel for å formidle erfaringar/opplevingar til medlemmane i klubben. |
| 6. Styret i Bergen Klatreklubb behandlar søknadene. Avgjerda er endelig og kan ikkje påklagast. |