bolt
kiler
regn
sva
vertikalt
bratt
overheng
logo2
(nyheter)
17.oktober 2018 Fornuft og følelser i Peak District!

 

sjubpluss

Kvifor skal to ihuga buldrarar frå Noregs våtaste by dra til England for å klatre? England er jo ikkje akkurat kjent for å vere versikkert. Eller, ein kan vere sikker på at det kjem til å regne - før eller seinare. Derav uttrykk som “sticky damp”… 

 

Me valgte å dra til Peak fordi det er ein stad som inneheld så vanvittig mykje klatrehistorie (dersom du enno ikkje har sett filmen Hard Grit, så kan du berre glede deg). Peak District er nok mest kjend for hard og hårete tradklatring. Det ringer nok bjeller hjå dei fleste når ein nemner namn som Gaia, Samson eller Master’s edge (den siste forøvrig nyleg gått av Mari Augusta Salvesen). 

Buldringa er nok mindre kjent, men steinkvaliteten er av ypperste klasse, og klatringa er magisk. Så definitivt verd verrisikoen. 

 

Klassikarane står i kø for den som vågar å ta turen over dammen, t.d. er Crescent Arete (5c) ein av dei flottaste linjene eg har gått uansett grad. Men mange vil nok også kjenne att namn som Voyager (8b) Careless Torque (8a), Brad Pit (7c), og Westside story (7b+). Mange av buldera er ganske høge, så pads av god kvalitet er naudsynt, og god(e) spottar(ar) er eit “must”. Ved fleire høve måtte fornuften styre valg av bulder, ettersom to pads og ein spottar var litt lite for nokre av høgballane. Eg har nok likevel forelska meg hovudstups i eit par linjer, og MÅ tilbake med fleire pads, vener og litt kaldare temperatur.

 

bradpittDet regna litt på oss, men slett ikkje så mykje som me hadde frykta. Me fekk klatra akkurat så mykje som me hadde lyst til! Me drog i andre halvdel av september, og det viste seg å vere litt tidleg for å få ordentleg gode forhold på grit. Einskilde dagar var dóg meget bra, og dei dagane gradestokken bikka 20 grader kunne me buldre på kalkstein på det velkjende feltet Raven Tor (rett nok best kjent for sportsklatringa, t.d. ligg rutene Hubble (8c+) og Mecca (8b+) her).

 

The English countryside har også mykje å by på på kviledagane for dei som er interessert i noko anna enn stein. Utanom å gå på pub, kan eg anbefale ein tur til Yorkshire Sculpture Park, som gjev ordet “kulturbeite” heilt ny meining. Eller ein kan besøke eit av godsa som ligg i nærleiken, som t.d. Chatsworth. 

 

Skulle veret bli heilt krise kan Sheffield varte opp med fleire klatresenter, t.d. The Foundry (her trente Jerry Moffatt og Ben Moon i hine hårde dager) eller Climbing Works. Museum, kaféar og shopping moglegheiter i fleng for dei som vil.

 

Fly til: Manchester

Leigebil: Naudsynt

Pad: Viss ikkje medbragt, kan den leigast på Climbing Works til ein OK pris. Pads av god kvalitet og i ulike storleikar. Må bestillast på førehand.

Bu: Air BnB har mange moglegheiter i ulike prisklassar

 

5 favorittbulder:

Crescent Arete (5C)

Art of Japan (6C) 

Westside story (7B+)

Brad Pit (7C)

Bin Laden Cave (7A)  

 

 

Bergen Klatreklubb
post@bergen-klatreklubb.no
bergenshallen@bergen-klatreklubb.no
Tlf:55271209 (sjelden betjent)




Husk meg:

Registrer deg